..til eg hugsa på bloggen min! Og no er det faktisk så mykje å oppdatere at eg veit ikkje om eg får plass til alt i eitt innlegg! Men eg skal prøve å skrive kortversjonen.
Den største, og kanskje galnaste, nyhenda eg har å meddele, er at eg faktisk har blitt huseigar. I ein alder av 20 år sit eg her, huseigar, gjeldsslave og overlukkeleg! På mandag følte eg meg verkeleg viktig, og aldri så lite uerfaren. Då var eg nemleg på kontraktsmøte med meglar og noverande huseigarar, og skreiv under kontrakter og andre dokument i hytt og pine. Det var litt skummelt, og det heile har ikkje gått heilt opp for meg enno. Men om to månader vert det i alle høgste grad verkeleg, for då er eg på flyttefot. Ferda går frå Landås til Nygård på Laksevåg i Bergen, der mi heilt fantastisk nydelege leiligheit ventar på meg. Hittil i mi bloggekarriere har eg kome med ymse lovnader om bilete frå ulike hendingar, men det har aldri vorte noko av. Eg fann ut at dette er det verkeleg verdt å legge ut bilete av, så her er eit aldri så lite innblikk i min framtidige heim <3
For å oppdatere vidare, så er eg ikkje berre ferdig med eitt fag på universitetet, men to! Ådu, for ei lukke eg kjende då eg var offisielt ferdig med ex.phil.! Sjeldan har eg vore så frustrert og irritert over eit fag, men ex.phil. tok verkeleg kaka, og framkalla det verste i meg på fleire tidspunkt! Eg har hatt lyst til å rive meg i håret, hyle og det som verre er, i frustrasjon over dette heilt meiningslause faget som alle stakkars universitetsstudentar må lide seg gjennom. Og forrige fredag var eg altså ferdig med alt som kan minne om abstrakte teoriar om menneskesinnet og merksemdssjuke grekarar. Personleg trur eg at oldtida sine filosofar ikkje var anna enn menn med for mykje tid, og mest sannsynleg også ei eller anna psykisk diagnose.
No derimot, har eg byrja på forvaltningsrett, som er kjempespanande og lærerikt! Det er litt uvant å skulle formulere seg som ein juridisk know-it-all, og skrive praktikumsoppgåver i fleng. Men dei har lova meg at det er ei vanesak, så eg får vel tru dei meir erfarne studentane på dette.
Elles så har eg vaksinert meg mot den O så store svineinfluensaen, noko som eg for øvrig angrar bittert på. Eg har reagert på vaksiner før, men dette var noko for seg sjølv. Det gjekk føre seg om lag slik ;
08.15 sette helsesystra det skjebnesvangre stikket i mi høgre arm.
08.35 sette eg og øvrig familie oss i bilen på veg mot Bergen, og avsluttande breiddetest i ex.phil.
10.00 starta verda å snurre ukontrollert, samstundes som at hovudet eksploderte i eit einaste stort fyrverkeri.
10.30 var kroppen i ferd med å gå i oppløysing i form av at handledd og olbogar prøvde å slite seg laus frå resten.
12.00 gjekk resten av kroppen i same retning av tidlegare nemnte ledd. Tru meg, det er ikkje ei god kjensle.
12.30 gav eg opp alle forsøk på å lese på pensum til breiddetesten.
12.30 – 16.00 er ikkje verdt å nemne. Eg var knapt tilstades.
16.15 troppa eg opp på universitetet med kaldsvette, feberkramper, kvalmebølgjer og skallebank.
16.30 leverte eg breiddetesten, etter å ha gjetta på 8 av 10 spørsmål.
16.31 var eg lukkeleg i om lag eit kvart sekund fordi eg sto på testen, før det vart for vondt å tenkje.
16.31 –> Game over.
Med andre ord, vaksina er ikkje anbefalt.
Elles så har eg det kjempebra! Etter ein fantastisk oktober månad med fleire soldagar enn regndagar, fryktar eg no at regnet er attende for denne gong. Og så eg som nesten hadde gløymt korleis det var å vere avhengig av paraply. Eg hadde også ei flott veke heime, trass i at det vart lite avslappning. No er det berre to veker til advent, og eg gler meg stort til jul, sjølv om jula i år vert prega av eksamenslesing i forvaltningsrett. Det får så vere
Elles så ser eg fram til Twilight-premiere på torsdag, bursdagsfest for Ingunn og Kristine neste helg, hyttetur med Aimi og Eirin i desember og mykje anna gøy! Men no er eg lei av å skrive, og eg er oppriktig overraska dersom du har orka å lese heilt hit. Men eg advarte i det minste
Vi bloggast sikkert over nyttår ein gong



