Eller det vil seie, eg har jo eigentleg ferie no då. Men sidan eg er teit,så har eg bestemt meg for å ta eksamen i arve- og familierett på nytt. Kva gjer ein vel ikkje for karaktersnittet?
Ah,tre dagar står mellom meg og pensumfrie dagar med tidlegvakter og sykkelturar. Og heftig bruk av biblioteket heime. Saknar å lese skjønnlitteratur utan å ha dårleg samvet, så sommaren skal utnyttast til det fulle på den fronten!:)
