Reklamer

Er det berre eg som synast det er latterleg mykje dårlege reklamer på TV for tida? Kva skjer med det?

Ta Mr. Melk som eit døme. Mannen er jo direkte fråstøytande, og gir meg meir lyst til å brekke meg enn å drikke melk.

Og dama i Revitalift-reklamen må vere ein mann. Ein sint ein, som ikkje har hatt eit lystig øyeblikk sidan muren fall.

Og mascara-produsentane som lover deg augevipper som ser falske ut? Gjett kva! Alle vippene i reklamene ER falske. Må vere kjipt å aldri kunne levere det dei lovar.

Og sist, men ikkje minst, alle folka som klinar på restaurant og daglegvarebutikk. Ærleg tala altså. Gale nok å ferdast i Bergen by på ein solskinnsdag, men no skal dei tvinge på meg tunger og spytt i mi eiga stove?

Dette er slikt eg har tid til å tenkje på for tida. Sommarferie altså.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s